Om Hamre Grendaskule

Stiftinga Hamre Grendaskule blei oppretta i 2015 etter at den kommunale skulen blei lagt ned i 2013. Skulen tel i dag 15 ansatte og 37 elevar.

Skulen ligg naturskjønt til på Hamre på vakre Osterøy med Hamre kyrkje som næraste nabo. Nærleiken til fjell og sjø gjev ein unik moglegheit til å integrera nærmiljøet inn i undervisninga.


Skulen er ein fådelt barneskule fra 1 - 7 klasse, som no tel 37 elevar og har 15 ansatte. Me er ein liten skule der det er kort veg mellom styret, rektor og pedagogisk personale, dette bidrar til att alle kan påverka eigen arbeidskvardag. Vår målsetting er at både elevar og ansatte skal bli ivaretatt og føle seg verdsatt.

På Hamre Grendaskule skal me saman leggje til rette for læring for alle elevar og stimulera den enkeltes motivasjon, lærelyst og tru på eigen meistring. Me er opptatt av å førebygge utenforskap i eit inkluderande fellesskap og eit trygt skulemiljø som fremmar helse, trivsel og læring for alle.


Skuledrifta byggjer på dei kristne grunnverdiane slik desse kjem til uttrykk i Den Norske Kyrkja si trusvedkjenning. Skulen er ein kristen friskule og føl den offentlege læreplanen. Dei tilsette skal følgje krava til utdanning som undervisningspersonale ellers i den offentlege norske skulen. Skulen er med i MITT VALG, som systematisk og over tid, styrker barns sosiale og emosjonelle kompetanse. Vi er også med i trivselsleiarprogrammet TL.

Hamre Grendaskule søkjer tilkallingsvikar!

Me søkjer engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar som kan steppa inn på kort og lengre varsel ved behov.

Me søkjer personar som er løysingsorienterte, har godt humør og glimt i auga.

Kvalifikasjonar

  • politiattest ikkje eldre enn tre mnd

  • fordel med erfaring frå arbeid i skule men ikkje eit krav

  • tar initiativ og er engasjert

Tilkallingsvikarar vil få arbeidsoppgåver både i klasserommet, ein-til-ein på elevar og på SFO.

Er dette noko for deg?

Kontakt rektor ved Hamre Grendaskule for meir informasjon eller send søknad til post@hamregrendaskule.no 

Sigrid Karoline Eriksen-Tufteland

Rektor, Hamre grendaskule

tlf: 56191163 mob: 91900369