Skulefritidsordning

Hamre Grendaskule har ei skulefritidsordning (SFO), som er open både før og etter skuletid frå måndag til fredag*. Første økt startar kl. 07:30, og varar til skulestart. Siste økta på SFO er frå skuleslutt og til kl. 16:00. Skulefritidsordninga er stengd på skulefrie dagar. 
Skulefritidsordninga er tenkt til elevar frå 1.-4.-trinn. Barn med særskilde behov kan også ha skulefritidsordning etter dette.
Ein må søkje om SFO kvart år.

Frå hausten 2021 kom det ein ny rammeplan for SFO**

Vi tilbyr heil og delt plass på vår skulefritidsordning. Det er også søskenrabatt på SFO, men den gjeld kun for heil plass.

Satser for skuleåret 2024/25:

  • 2500,- pr mnd for heil plass

  • 1900,- pr mnd for kortplass (inntil 8 timer pr. veke)

  • 1300,- søskenmoderasjon

Oppsigelsestid og endring av SFO plass er ein månad, gjeldande fra den 1. i kvar månad.

Oppsigelse eller endring av plass kan meldes i fra om på: sfo@hamregrendaskule.no

Me tilbyr også leksehjelp for 1-4 kl. Dette er eit gratis tilbod kvar dag frå klokka 13:30-14:00

Kontakt SFO

Tlf: 48297553

E-post: sfo@hamregrendaskule.no

 

*Friskoler kan drive skolefritidsordning som er knyttet til skolen, men har ingen plikt til det.
**Https://www.udir.no/utdanningslopet/sfo/rammeplan/

 

Fyll ut skjemaet for å melde barnet ditt på SFO-ordning