Om Hamre Grendaskule

Skulebygget

Skulebygget

Eit godt og kreativt læringsmiljø med tilhald i eit kulturhistorisk nærområde, forankra i vår kristen-humanistiske arv.

Hamre grendaskule held til i bygget der den kommunale Hamre skule, fram til våren 2013, hadde tilhaldsstad. Eldste delen blei bygd i 1973 for å avløysa eit skulehus som då var blitt for lite. Så vart det opna tilbygg i 1982 og 1998.
For å få starte opp friskule i 2015, måtte bygget bli godkjend med strenge krav til miljø-, rett og helsevern.

På Hamre har det vore skuledrift sidan omgangsskulen si tid. Frå 1852 hadde skulen fast tilhald i eit hus på Hamreplass, og frå 1882 i nytt skulehus som var i bruk like til 1973.

Elevtalet har variert mykje opp gjennom tidene. Største elevflokken hadde ein på 1980 – talet, då bort i mot 60 born gjekk på skulen.

Hamre grendaskule ønskjer å ta med vidare dei beste tradisjonane frå den tida drifta var kommunal, og kombinera det med nye mål og utfordringar som heile tida kjem til. Som ein grendaskule vil vi gripa fatt i det lokale, gje elevane ei plattform og identitet som dei kan stå trygt på for å orientera seg utover. Skulen ligg midt i eit kulturlandskap ved Osterfjorden med historiske røter langt bakover i tid. Hamre kyrkje, som kan feira 1000-års jubileum som kyrkjestad i 2024, er nabo til skulen. Sjå NRK si gudstenestesending frå 2012
På skulen er det lett tilgong til uteareal, til leikeområde, klatrepark, ballbane, turområde langs sjøen og til fjells.

Hamre grendaskule har som målsetjing å ta vare på kvar enkelt elev, sjå kven han er og så langt som vi evnar gje han den undervisninga som tener han best. Skuledrifta byggjer på dei kristne grunnverdiane slik desse kjem til uttrykk i Den Norske Kyrkja si evangelisk – lutherske truvedkjenning. Skulen er ein kristen friskule og føl den offentlege læreplanen Kunnskapsløftet, med tillegg. Dei tilsette skal følgje krava til utdanning som undervisningspersonale ellers i den offentlege norske skulen.

Skulen er med i Trivselsleiarprogrammet TL.
Skulen er også med i MITT VALG, som systematisk og over tid, styrker barns sosiale og emosjonelle kompetanse.

Ny klatrepark var klar til bruk hausten 2016. Takk til dei mange lokale kreftene som stod på med arbeid, maskinar og pengar.

Ny klatrepark var klar til bruk hausten 2016. Takk til dei mange lokale kreftene som stod på med arbeid, maskinar og pengar.