Ofte Spurte Spørsmål

Her finn du ein del spørsmål og svar om Hamre Grendaskule. Dersom du ikkje finn svar her, så ta kontakt med oss så skal vi gjera vårt beste for å svara.

 

#1 Kva kostar ein plass på Hamre Grendaskule (HGS)?

Det skal betales skolepenger månedlig for hver elev så lenge eleven går på Hamre Grendaskule (HGS). Det gies søskenrabatt for elever som har søsken som allerede er elever ved HGS, eller hvis det er flere søsken som søker samtidig.
Første foreldrebetaling forfaller den 15. september og den fortsetter månedlig frem til 15. juni neste år.

#1-1 Skulepenger

  • Skulepenger: kr. 700,- pr. månad
  • Skulepenger for søsken: kr. 500,- pr. månad
  • Skuleplass for 1-4trinn: kr. 200,- pr. månad

#1-2 Skolefritidsordning (SFO)

HGS tilbyr heil og delt plass på vår skolefritidsordning. Det er også søskenrabatt på SFO, men den gjelder kun for heil plass.

  • Heil plass for born nr. 1: kr. 2500,- pr. månad
  • Heil plass for sysken: kr. 1300,- pr. månad
  • Delt plass (inntil 8 timer pr. veke): kr. 1900,- pr. månad

#2 Kortid er søknadsfristen?

Søknadsfristen er 1. mars.

#2-1 Er det mogleg å søkja plass etter søknadsfristen?

Ja! Vi tar i mot elever gjennom hele året så fremt det er ledige skuleplasser, men etter den gitte søknadsfristen gjelder først til mølla prinsippet. De opplyste prioriteringskriteriene i opptaksreglementet gjelder ikke etter denne dato.

#3 Korleis blir HGS si skulerute?

Vi føl i hovudsak den kommunale skuleruta.

#4 Korleis blir det ordna med transport?

Elevane ved Hamre Grendaskule har rett til skyss etter reglane i opplæringslova § 7.

Elevar i 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer.

Elevar som er på SFO har ikkje rett til gratis skyss, då SFO blir å rekna som fritid og ikkje skuletid. Skuleskyss er knytt opp mot skuletid.

Vi tilpassar skuletida i størst mogeleg grad til dei offentlege bussrutene.

#5 Er det helsesjukepleiar tilknytta skulen?

Ja, helsesøsterordninga fungerer på same måte som i den kommunale skulen.

#6 Er skulen tilrettelagt for elevar med spesielle behov?

Skulebygget har ei universell utforming som gjer det lett å ta seg fram for elevar med fysiske handikap. Sjå også neste punkt.

#7 Er skulen knytta opp mot PPT?

Vi kan nytta PPT på same måte som den offentlege skulen. Timar til spesialundervisning blir ikkje belasta brukarane.

#8 Kan elevar frå andre stader enn Hamre søkja?

Ja, klart det! Hamre Grendaskule er open for alle elevar som fyller vilkåra for inntak i offentlege grunnskular, jf. opplæringslova §§ 2 -1 tredje ledd. Derimot kan det vera restriksjonar ang. skuleskyss på tvers av kommunegrensene. (sjå gjeldande inntaksreglement)

#9 Får elevane servert mat på skulen?

Nei, det er ikkje lunsjservering på skulen.

Det serveres derimot frukt kvar dag til alle våre elevar.

#10 Er Hamre Grendaskule ein privatskule?

Både ja og nei. Hamre Grendaskule er ein privateigd grunnskule. Den rette nemninga på Hamre Grendaskule er friskule, som tyder ein frittståande skule. Dette er ein type skule som er godkjend av Utdanningsdirektoratet, og skal regulerast av lov om frittstående skolar med forskrifter.

#11 Kven eig Hamre Grendaskule?

Hamre Grendaskule vert drifta av ei stifting med lokal forankring til Hamrekrinsen. Stiftinga Hamre Grendaskule blei stifta i 2013 av Hamre Grendaråd for å drifta ein privateigd friskule. Stiftinga Hamre Grendaskule er ei sjølvstendig stifting som berre har til føremål å drifte Hamre Grendaskule og tilhøyrande SFO.